Forska på det nye regjeringskvartalet

Publisert 27.08.2018
Kva har vurderingane kring det nye regjeringskvartalet i Oslo å seie for framtidas storby, og for verdiar vi set høgt i Noreg?

Andreplassen i Holbergprisen i skolen 2018 gjekk til August Bjærke Estensen, Lea Rose Martinuzzi og Håkon Rørvik Skåland ved Elvebakken vgs. For prosjektet: Regjeringskvartalet - åpent og inviterende eller lukket og ekskluderende? Forskinga deira ser på byplanlegginga i Oslo i etterkant av terroråtaket 22.juli 2011 – med det nye regjeringskvartalet som lense – for å finne ut om Noreg vert prega av meir openheit og demokrati, eller om Noreg går mot å verte eit meir lukka samfunn.

Fagjuryen viser til at elevforsking kan bidra til utviklinga av eit nytt byrom, og kjem som eit innspel i vurderingane mellom kontroll og tryggleik i byte mot openheit og tilgjengelegheit. Juryen viser til at det er trekt inn relevant forsking, og avisdebattar og offentlege dokument er sjølvstendig og modent analysert gjennom gode teoretiske rammer.

Forskingsprosessen

Ein av elevane fekk tidleg ein idé om at han ønskja å undersøkje om Oslo var blitt ein tryggare by sidan 22.juli 2011. Estensen, Martinuzzi og Skåland er alle Oslo-borgarar, og var interesserte i eit tema som handla om sin eigen by, men måtte snevre det inn då den opphavlege tanken famna for breitt. Då fann elevane ut at regjeringskvartalet var eit naturleg fokusområde sidan det var åstad for terroråtaket i Oslo sentrum.

Oslo-borgarar og samfunnsborgarar

I forskingsprosjektet har elevane kombinert omsorg for – og interesse for – sin eigen by og eiga rolle som samfunnsborgarar. Som samfunnsborgarar, har dei sett på kva verdiar som settast høgt i det norske samfunnet, og sett konklusjonen sin opp mot dette:

"Integrert sikkerhetsdesign er implementert i flere europeiske storbyer (også Oslo), og det gjenstår å se hvor vellykket integreringen blir om noen sikringselementer av denne typen etableres i nær relasjon til det nye regjeringskvartalet. Vi står i fare for å få et inngjerdet politisk maktsentrum. […] I Norge er frihet og tillit høyt skattede verdier vi må verne om, og samfunnet vil miste egenart om vi henfaller til mistenkeliggjøring og sikkhetstiltak av orwellske proporsjoner. Selv om dette på nåværende tidspunkt ikke er tilfelle, og det er positivt at myndighetene er problemstillingen bevisst, kan vi ikke tillate oss å bli passive tilskuere til utformingen av vårt eget samfunn."

Spanande og lærerikt

Elevane har funne det spanande og lærerikt å forske som ein del av skulekvardagen, og har gjennom fordjuping i eit tema dei sjølve var interesserte i fått lært mykje. Viktige moment trekt fram av gruppa for å meistre forskingsprosjektet, er å lese seg nøye opp på teori på førehand, samt engasjere seg og gå inn i prosjektet, slik at det vert spanande og lærerikt på ein personleg måte.