Intervju med Jørn Jacobsen

Spørsmål til Jørn RT Jacobsen:

Du er en ung forsker med en omfattende bibliografi. Hvilket tema innen forskningen din ser du på som viktigst?

Det som eg i min forsking har sett som mest sentralt er på eit ”konkret” nivå spørsmål knytt til handtering av den ”krisa” som strafferetten over ei tid har vore inne i. Denne krisa er mellom anna eit resultat av den underliggande ”risiko”-orienteringa i samfunnet, nært samanvevd med ein del påtrengande utfordringar som terrorismeproblematikken som i tur har framtvunge endringstrekk i strafferetten som utfordrar dei tradisjonelle prinsippa som strafferetten er tufta på, og dei løysingane som desse prinsippa har gjeve opphav til. Utfordringane er å avgjere kva slike endringar som er og som ikkje er konforme med desse grunnleggande prinsippa og korleis dei i tilfelle kan inkluderast i strafferetten på eit adekvat sett. Fleire andre meir spesifikke tema som eg har vore inne på, til dømes føretaksstraffa og særreaksjonar for ikkje tilreknelege lovbrytarar, kan òg relaterast til denne problematikken.

Samstundes er utfordringa med å handtere slike ny utfordringa særleg store ettersom den norske strafferettsvitskapen over lang tid har vore ein pragmatisk disiplin som ikkje har funne større interesse i å utvikle forståing for faget sine grunntankar og prinsipp, noko som gjer at vi i vesentleg grad er utan dei intellektuelle reiskapane som vi treng for å diskutere desse utfordringane på eit adekvat sett. Denne metodologiske tradisjonen har snarare utarma disiplinen både i innhald og i diskusjon. Det er ulukkeleg ettersom faget er konstituert på ei rekkje premissar av til dømes filosofisk, psykologisk og sosiologisk karakter. At desse er rett forstått er grunnleggande viktig: Utforminga av strafferetten er avgjerande både for våre alle sine fridomsrettar, og for skilnaden mellom fengsel og fridom for den einskilde. Men slik forståing let seg ikkje utvinne innanfor ein introvert disiplin men kjem snarare til gjennom reflektert interaksjon med omkringliggande vitskapsdisiplinar.

Hvordan vil du definere ditt nåværende intellektuelle prosjekt?

Det er altså å utvikle meir teoretiske perspektiv på strafferetten, og å utvikle dette perspektivet både i kvalitet og i breidde - å applisere det på ulike dimensjonar av faget. Dette arbeidet er eit kontinuerleg vekselspel mellom på den eine sida å utvikle det metodologiske perspektivet og å bruke dette metodologiske perspektivet til å utvikle disiplinen i sitt substansielle innhald. Slik sett både er det og har det vore mitt intellektuelle prosjekt i mi forsking å utvikle perspektivet i disiplinen og, nært forbunde, å etablere det teoretiske eller prinsipielle fundamentet for norsk strafferett og strafferettsvitskap som i tur skal kunne fungere som eit utgangspunkt og ei verktykasse for vidare forsking, ikkje minst i relasjon til dei delar av feltet som til ein kvar tid vert aktualisert.

Meir konkret, så freista eg i avhandlinga mi å klarlegge den meir grunnleggande forståinga av strafferetten i ein demokratisk rettsstat, og i det noverande arbeidet freistar eg å omsette desse tankane til det som eg reknar som ein av dei mest sentrale komponenten i faget, brotsverksomgrepet eller det systemet av ansvarsføresetnader som ein opererer med i strafferetten, og utvikle det til eit grunnlag for ei framtidig strafferettsdoktrine. Det er, kan det leggast til, ei øving som har den naturrettslege tenkinga som Holberg var talsmann for, som ei viktig historisk kjelde (og særleg då Pufendorf og diskusjonen omkring imputatio).

Med tilsvarande arbeid relatert til andre sentrale tema, utførte av forskarar som eg samarbeider med – eg er heldig som får verke i eit veldig rikt og spennande forskingsmiljø ved fakultetet og i faget spesielt - vonar eg at vi etter kvart skal få på plass dei viktigaste grunnsteinane til å kunne ta til med verkeleg å forske i faget. Fagmiljøet i strafferett ved Det juridiske fakultet her i Bergen har eit potensial til å gjere tiltrekke seg merksemd på eit europeisk plan - og då kan det leggast til at den europeiske strafferettsvitskapen er kanskje den fremste i verda. Eg vonar sjølvsagt at mi forsking kan kome til å bidra til at dette potensialet med tida vert verkleggjort, det har vore ein viktig del av mitt intellektuelle prosjekt.

Hvilken rolle mener du juss bør ha i det 21- århundre?

Det er eigentleg eit spørsmål som er for vidt til å gje eit adekvat svar på, det er i det heile vanskeleg å tenke seg det moderne samfunnet utan retten som ein del av det. Men det synest openbert for meg at juss òg er ein stadig meir sentral del av samfunnet, både i den meining at større og større sosiale felt vert rettsleg regulerte, og i den meininga at retten er eit viktig verkemiddel med tanke på ulike påtrengande utfordringar. Ulike former for problem som til dømes miljøproblematikken er det vanskeleg å sjå for seg at ein kan løyse utan å inkludere rettslege verkemiddel. Rettsleg regulering er òg til dømes eit avgjerande verkemiddel for å skape grunnlag for samarbeid og tillit mellom menneske, statar og organisasjonar der likt samarbeid skal utviklast: Gjennom globaliseringa skal det skapast interaksjon mellom menneske og mellom organisasjonar frå ulike samfunn og kulturar som ikkje har føresetnader for eit tillitsfullt samarbeid. Den prosessen synes avhengig av retten som verkemiddel. Òg i denne prosessen er til dømes menneskerettane eit fundamentalt reiskap for å skape minimumsføresetnader for eit slikt globalt samfunn og for å sikre utsette individ og grupper inklusjon og ein verdig plass i dette prosjektet. Kort sagt; juss bør ha ei viktig rolle i det 21. hundreåret.

Samstundes så må alltid iver etter å ta i bruk retten som verkemiddel balanserast med innsikt om at ein då samstundes i fare for å fortrenge andre og gjerne meir informelle former for sosial interaksjon og samfunnskonstitusjon som kanskje er mindre ”effektive”, men som likevel representerer noko viktig for samfunnet.

Når det gjeld rettsvitskapen, så ser eg ei særleg spennande framtid for den ettersom den kan vidareutviklast som eit viktig koplingspunkt mellom dei ulike diskusjonane som førast i ulike vitskapsdisiplinar, både av naturvitskapleg og samfunnsvitskapleg karakter, og dei praktiske løysingane på sosiale utfordringar som vert lagt til grunn: Gjennom interaksjonen med lovgjeving og rettssystemet har rettsvitskapen eit særskilt inntakspunkt til aktuelle sosiale utfordringar og endringstrekk. Samstundes er den rettsvitskaplege kunnskapen noko som både kan og bør utviklast i nært samspel med kunnskapsstatusen i andre vitskapsdisiplinar, og som gjennom kontakten med lovgjevar og domstolar har eit særleg potensial med tanke på at den vitskaplege produserte kunnskapen kjem til bruk i samfunnet.

Hva er ditt syn på forskningspriser som Nils Klim-prisen?

Slike prisar er ein fin sak. Dei har ei viktig rolle med tanke på å vere eit mål å rekke seg etter og dei synleggjer og verdset prestasjonar (noko ein ikkje alltid er like flinke til i samfunn enno prega av at ein ikkje skal skilje seg for sterkt ut). Å få dei er noko meir tviegga. Prisen er fyrst og fremst ei stor ære og for meg er den ei oppmuntring i form av å vere ei stadfesting av at det prosjektet og den tilnærminga eg har freista å utvikle disiplinen gjennom er verdt å gå vidare med. Samstundes er det ikkje å nekte for at det samstundes òg inneber eit lys på eigen person som stundom kan vere utfordrande å vere i.