Nils Klim-komiteen si innstilling er klar

Publisert 16.01.2018
Nils Klim-komitéen møttest i København 16. januar og er no klar med si innstilling til ein Nils Klim-prisvinnar for 2018.

Nils Klim-komitéen møttest den 16. januar, på Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab i København for å drøfte årets kortlistekandidatar og bli samde om kven dei vil tilråde som Nils Klim-prisvinnar i 2018. Etter ein lang dag med diskusjon har komiteen blitt samde om ei innstilling, som vil bli lagt fram for Holbergstyret seinare i vinter. Kunngjeringa av Holbergprisen og Nils Klim-prisen finn stad den 14. mars, kl. 09:00, på Bibliotek for humaniora i Bergen. Arrangementet blir direkteoverført på Holbergprisens nettsider.

Rekordmange nominasjonar i 2018

Komitéen har hatt ei vanskeleg oppgåve med å velje ut årets prisvinnar. Det kom inn 19 nominasjonar til Nils Klim-prisen 2018, som er det høgste talet nominerte sidan prisen blei oppretta i 2003. Med nominasjonar av gjennomgåande høg kvalitet og kandidatar frå til dels særs ulike fagfelt og akademiske tradisjonar, har dei fem komitémedlemmane hatt mange hensyn å bryne seg på i utveljingsprosessen.

Nils Klim-komitéen

For å sikre at alle nominasjonane blir gjenstand for grundig og rettvis vurdering er Nils Klim-komitéen sett saman med tanke på å sikre størst mogleg fagleg og geografisk breidde. Dei fem komitémedlemmane kjem frå kvart sitt nordiske land og er alle anerkjende forskarar innan eit av fagfelta som prisen dekkjer. Kvart komitémedlem blir i utgangspunktet valt inn for ein periode på 3 år, med høve for eitt gjenval.

Nominer ein kandidat til Nils Klim-prisen 2019

Alle vitskapeleg tilsette ved universitet, akademi eller andre forskningsinstitusjonar kan nominere kandidatar til Nils Klim-prisen. Nominasjonsskjemaet for 2019 er no opna. Fristen for å nominere kandidatar er den 15. juni kvart år. Aktuelle kandidatar til Nils Klim-prisen er yngre nordiske forskarar under 35 år innan fagfelta humaniora, samfunnsfag, juss og teologi.