Ledig stilling: Seniorkonsulent - Holbergprisen i skolen

Publisert 23.08.2016
Ved Holbergsekretariatet er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent frå 1. desember 2016 med hovudansvar for Holbergprisen i skolen. søknadsfristen for stillinga er 6. september.

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen vert delt ut årleg og er den største av sitt slag i verda. Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen innan fagområda samfunnsfag, humaniora, juss og teologi. Kvart år deltek 12 skular og over 400 elevar frå heile landet i konkurransen. Nils Klim-prisen for er og ein del av porteføljen til Holbergprisen. Sekretariatet vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennom Holbergstyret.

Ved Holbergsekretariatet er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent frå 1. desember 2016 med hovudansvaret for Holbergprisen i skolen.

Arbeidsoppgåver:

  • Halde kontakt med elevar og, i hovudsak, lærarane som deltek i prosjektet, og drive informasjonsarbeid overfor landets vidaregåande skular.
  • Ansvar for gjennomføring av fagseminaret for lærerane som deltek i Holbergprisen i skolen.
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement knytt til både prosjektet og annan aktivitet knytt til verksemda ved kontoret.
  • Oppfølging av sosiale medium og nettsider, samt ansvar for innhald til trykksaker og annonser knytt til Holbergprisen i skolen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.
  • Pedagogisk erfaring er eit krav. Erfaring frå koordinering og planlegging av arrangement, samt arbeid med forskingsorganisering er ei føremon.
  • Evne til å ta initiativ, være fleksibel, vand med å handtere mange oppgåver samtidig, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig og være ein god lagspelar i en liten organisasjon.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52- 57 (for tida kr. 446.900 – 489.300) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Prosjektleder, Solveig Stornes, Holbergsekretariatet, 55 58 69 92, eller Faglig leder Ellen Mortensen, Holbergsekretariatet, 55 58 23 20

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 06.09.2016

Søknaden skal merkast: 16/8588